Foto: Tuva Åserud

Vilde (9) går fast på søndagsskule

Søndag arrangerte Hystad søndagsskule palmesøndags­frukost i forkant av samlinga.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

Annankvar søndag er det søndagsskule på Hystad skule.

– Eg trur det at me har skulen som lokale gjer det meir låg­terskel å komma, seier Fredrik Gaustad (41).

Han er styreleiar i Hystad søndagsskule.

Foto: Tuva Åserud

Ifølgje NRK har det vore stor nedgang i antal søndagsskular i landet sidan 90-talet. Frå 1.850 skular og over 40.000 deltakarar i 1997, til om lag 850 skular og 18.500 deltakarar i 2023.

– Hystad søndagsskule har vore i over 50 år og er godt etablert, seier Gaustad.

Han synest skulen er eit viktig tilbod til barn.

Foto: Tuva Åserud

Akkurat denne søndagen er det palmesøndag.

Borda har blitt dekte med kvite dukar og det er lagt fram eit variert utval av pålegg, brød, juice og kaffi.

Mange har samla seg på skulen denne formiddagen.

Foto: Tuva Åserud

Vilde Østang Nielsen (9) pleier å vera med på søndagsskulen kvar gong.

– Eg likar best aktivitetane, men eg likar og historiene om kristendommen. Då får ein læra nye ting, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

9-åringen fortel at dette er noko alle kan komma på, sidan ein ikkje treng å melda seg på.

– Til og med babyar kan komma, seier ho.

– Du var jo berre baby då me byrja her, seier mor Mona Østang Nielsen (39).

– Ja, og sjå på meg no!

Foto: Tuva Åserud

– Ungane synest det er kjekt, og det er sosialt for oss vaksne òg, seier Mona Østang Nielsen.

9-åringen hennar har funne seg ein plass i det vesle auditoriet og er klar for samling med song og historier.

Foto: Tuva Åserud

Fredrik Gaustad leiar samlingsstunda.

Først er det song med bevegelsar, etterfølgt av tenning av lys og opplesing av kva dei trur på.

Gaustad gjer òg nokre triks for å underhalda barna.

Foto: Tuva Åserud

Han får med seg Dag Ståle Nystøyl (40) på eit eksperiment.

– Viss ein fyller badehetta med vatn, vil den gå rett på hovudet, seier Gaustad.

Det sprutar vatn overalt, og ein kan kanskje ikkje seia at eksperimentet var vellukka denne gongen.

Foto: Tuva Åserud

I bakgrunnen er det førebuing til ein av dagens aktivitetar: Måling av egg.

Etter det blir det kaffi, saft og noko attåt.