No er russetida i gang
Oda Clausen Sætre og russen på Stord gjennomførte fredag den tradisjonsrike russedåpen.
På fredag samla årets russ seg rundt «Andadammen» ved Stord vgs.
– Me gler oss mykje til russefeiringa, seier Karl Grov, som får seg ei pølse før dåpen.
Ida Langeland (f.v.) og Lisbeth Løkling Holm fekk æra av å bera grisehovudet.
Det er under dåpen at ein får russelua. Det markerer òg starten på russetida.
Fabian Nakken Nicolaisen (19) er russepresident for 2024-russen. Han forklarte framgangsmetoden før dåpen.
Filip Gjeraker Kaldråstøyl gjer som han blir fortalt og stappar hovudet i vatn.
Seansen er ferdig når ei valfri eining med drikke er «chugga».
Jonas Mjelde Sæbjørnsen kyssar grisehovudet.
Etter vatn og mjøl i ansiktet, eit kyss til grisen, og ein boks med drikke, er Jonas Mjelde Sæbjørnsen ferdig døypt.