– Me vil auka kompetansen blant våre reisande slik at folk oppfører seg annleis mot våre tilsette, seier Rebecca Liset i Fjord1 til NRK.

Også Norled har bestemt seg for å la reglane rulla over skjermane sine, stadfestar hovudtillitsvald Ilja Vasiljevs i Norled. Han trur det kan bidra til at passasjerar tenker seg om før dei tek til å skjella ut dei tilsette om bord.

For dei tilsette på ferja er ikkje framande for å bli kjefta huda full. NRK har tidlegare skrive om Simon-Emiil Waage som har jobba som kaibillettør på Sognefjorden i to somrar og fått høyra ei rekke ukvemsord.

– Eg har blitt kalla idiot, eg har fått skulda for at folk ikkje rekk ferja, og eg har blitt kalla nazist, fordi eg bad ein bil om å venta til neste avgang.

– Men om desse reglane vil endra haldningane til folk, vil berre tida visa, seier Vasiljevs.