Sunnhordland løpsfest (tidlegare Sunnhordland maraton) går av stabelen laurdag, og då blir det mykje folk å sjå i gatene i og på Leirvik.

I skrivande stund er over 420 påmelde dei ulike løpa. Fleire vegar kjem til å bli stengde eller ha trafikkdirigering denne dagen.

– Bussar (lokalbussar og ekspressbussar) køyrer ikkje ned til kaien så lenge arrangementet går føre seg, men stoppar ved den gamle bussterminalen i Sævegen ved rådhuset, opplyser arrangøren.

Torgbakken og Borggata opp til Frugård

Stengt for trafikk frå klokka 08.00 til 14.30.

Jens Hystadveg og Borggata frå Frugård til Turnhallen

Stengt for trafikk frå klokka 09.00 til 12.15.

Osen

Stengt for trafikk frå klokka 10.15 til 12.30.

Vatnadalsvegen (frå Saneset til Øvre Økland)

Stengt for trafikk frå klokka 10.00 til 12.

Heianevegen (mellom gangbru og inngang til Skipåsen)

Innsnevring av køyrebane frå klokka 10.30 til 12.

Sævegen ved Osen/Meierikvartalet, løypa kryssar vegen i fotgjengarfeltet

Trafikkdirigering frå klokka 10.15 til 12.30.

Møllebrua, fotgjengarfelt ved bedehuset

Trafikkdirigering, stengt i korte periodar frå 09.45 til 12.15.

Nattrutekaien

Stengt for trafikk mellom 10.30 og 14.15.

Hamnegata (frå «Rundingen» til Storddøra)

Stengt for trafikk frå 12.15 til klokka 14.15.