Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Fargeløp i sentrum

Bastian Svendby Løvstad og Victoria Sivertsen sprang fargeløp i Leirvik sentrum.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Preben Ørpetveit Solberg

På laurdag formiddag kunne du sjå ein heil haug med fargar i Leirvik. Årsaka var Stord folkehøgskule sitt årlege fargeløp.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Avtroppande rektor på folke­høgskulen, Torunn Laurhammer, har vore med på løp før. Difor har ho eit par sko som er i bruk kvar gong det er fargeløp.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Fargeløpet er blitt til ein årleg tradisjon på folkehøgskulen.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Kven som helst kan vera med på løpet, men det er flest elevar ved skulen som deltek.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Under løpet samlar ein inn pengar til Leger Uten Grenser og Mental Helse Stord/Fitjar.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Chancy Nd Richmond og Rich Mon Genetiano spring og tek selfiar samstundes.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Løpet er ingen konkurranse. Ein spring eller går så mange rundar rundt skulen som ein vil.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Medan andre sprang, selde Lars Abotnes, Kari Fischer og Karsten Lerum kaker og pølser.