Lokalavisa melder at «Stopp bombinga av Gaza» vert ein av parolane i 1. mai-toget. Det var å ønskja at rette vedkommande i Midt-Austen noterte seg dette og at det vart fred. Alle er samde om at det er grufulle tilhøve i Gaza.

Problemet er at Hamas og Iran ville ha denne krigen, som starta med dei grufulle terrorhandlingane mot israelske sivile 7. oktober. Hamas gjorde sjølv videoopptak av sine avskyelege handlingar og spreidde det for all verda som eit hån mot Israel. Når dei i tillegg sende over 3.000 rakettar frå Gaza mot Israel dei første dagane av krigen, kunne dei vera sikre på at krigen var i gang. Sidan har det knapt gått ein dag utan at det er artillerield og rakettangrep frå Hizbolla i Libanon og rakettangrep frå Syria, Irak eller Jemen. Iran viste sitt sanne ansikt ved å senda over 300 dronar, kryssarrakettar og ballistiske missil mot Israel for nokre dagar sidan. No er Hamas så svekte at det er få rakettar som blir sende frå Gaza, men dei kjem framleis frå Rafah der Israel enno ikkje har gått inn av omsyn til dei sivile i byen.

Alt tyder på at Israel held fram med kampane så lenge dei vert angripne. Og fred blir det heller ikkje så lenge Hamas ikkje slepp fri alle gislane.

No har 17 land gått saman om å senda ei oppmoding til Hamas om å sleppa i alle fall nokre av gislane fri – gamle, sjuke, kvinner og barn. Det er snakk om å få ei våpenkvile som takk. Om det kjem noko ut av det, får tida vise. Og ein må diverre vera sterk i trua for å meina at våre parolar her heime skal kunna endra noko i Midt-Austen.

Derimot kan det bety mykje for situasjonen i vårt eige land dersom einsidig propaganda, kansellering av meiningsmotstandarar og aggressive demonstrasjonar får prega oss, slik vi mellom anna såg i Oslo 8. mars i år. «Ingen sionistar i våre gater» ropa då bl.a. leiaren av ungdomspartiet i Partiet Raudt. Ingen jøde kan rekna med å gå fri frå å bli kalla sionist, same kva han måtte meina både om politikk og anna. Dermed er vi over i reinspikka jødehat i vårt land. Det er ikkje første gongen dette skjer i Norge. Vi må vera på vakt mot dette! Ideologien til Hamas og terrorstyret i Iran er farleg, og må ikkje få plass hos oss.

Så når 1. mai-toget går, er det lett å seia seg samd i ei parole om stopp av bombinga i Gaza. Men eg skulle ønskja det også var med «Slepp gislane fri», «Stopp angrepa på Israel», «Stopp trakassering av jødar i alle land»!